Tankar på grunna

Helga Aikens

Sommaruro

Eg er ein vill sommar. Naken. Bleik. Eg eig fingrane som sveiper viddene som ømme dikt, som orgeltoner over levd liv. Over myrar, over tjønn, over kampestein og sandstrand. Over tusseheimar. Over fjellgardar. Over tilværet. Over eit ytst endelaust tilvære.

I natt. Eg og tilværet. Og avgrunnar. Alltid. Uroa meg. Meg.

Regnet skriv gul regnjakke. Ropar sommar. Jagar bjørkeholt. Sildring. Nedbør. Konkurs. 

Eg har sett korleis regnet fylde dei livredde bekkane. Eg har sett vidt fløymande tjønn med svartgrønt løynde. Eg har sett uroa sund som dampande trau. Vatn i fingrane. Vatn og jord. Jord mot bølgjeblekk.

Nakne auge skriv fugl mot giftige himlar. Kvifor skrive fugl i draum? Draumens nakne auge susar utover myrar. Mot barndommens draum. Skriv landet. Skriv vinden. Skriv månader. Skriv fugl i kveldinga.

Spettut er augo. Og vinden var mi siste kampestein.

Eg er ikkje grått avstengde avgrunnar. Eg er mest der med lyngbrunt dunder. Fløymer. Skriv dikt. Spettute dikt. Grøne med flekkir av brunt. Sveiper over sommar. Augene halvt igjen.

Eg et jorda av fingrane.

Her står eg, i regn, lågt over vidda.

Hildrar.

Eg kjenner eg er blitt til noko her eg står med munnen full av jord i sommaruroa.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *